Kampen mot dronninga

Stødig som fjell bør væra

Men grunnen kjennest så utrygg!

Det umoglege, mismotet, den skarpe sorga

Kva kan velta denne bratte borga?

 

Stein etter stein, bestige, beseire

Stien og råsa som no gjeng opp

Bratt og krapp mot fjern ein topp.

Dei rosa skoa som var nye i fjor

Som spratt og hoppa og sang i kor

Sekk no i jorda, set djupe spor.

 

Gjørma surklar og flekkar kleda

Til ho på si ferd på leit etter gleda.

Steiner og nåler og molddekt mose.

Skriker til skogen si stikkande rose.

Det var orda som fall i går

Over dette ho ikkje rår,

Men som berre han kan finna.

 

Fjernt bak øyret som gløymer å høyre

Syng ein trast på ein trall

Og ein bekk renn forbi i sildrande flaumer.

Tanken erobrar seg sjølv

Gjev kraft til tunge bein.

Frå slepa til springa, frå slit til glid.

Oppover og oppover mot ei anna tid.

Steinar som glipper, hender som grip

Ønsket om svinga i bjørkegreiner

Som Frost og hoppa lett på steiner

Som før, nett som før.

 

Men på høgda si utsikt over tid og rom.

Med plass til både jubel og storm.

Den svarte skya var tung som ei fane

No kvit og forma

Som halsen til ein svane

Druknar den i havets horisontal

Som røyksignal med stigande intonasjon

Med  krummande innhald.

I same melodi kan eg ikkje anna en undrast

om du ein gong stod her

Og skua etter kongen i horisonten?